15 juni 2009
12.dagar...
Har ikkje så mykje anna å seie i dag. Men livet er framleis bra, og eg har det heilt flott! Kun fire dagar til sommarferie!
Elisabeth
11 juni 2009
16 dagar att!
Så har eg lært av vise folk at ein ikkje skal leve for det som skal skje, men også for det som skjer! Leve i nuet, liksom. Så då kan eg jo nemne at eg er veldig glad for at eg akkurat har hatt besøk av mi kjære syster og forlovar. Ho lyste opp dagen min, som var litt mørk pga så altfor mykje å gjere på jobb. Eg kan også tenke på dei flotte 8-, 9- og 10-åringane eg møter på jobb kvar dag. Dei gir så mykje! Takk for flotte kollegaer som tar i eit tak ilag, og ikkje gir seg før alle er i hamn med den skriftlege vurderinga. Og ikkje minst: takk for den fantastisk flotte mannen som har lova meg at han vil dele livet sitt med meg, og som skal love det for heile verda laurdag den 27. juni.
Konklusjonen min i dag blir denne; Livet er veldig bra, sjølv om det er litt i overkant hektisk av og til. Og slik er det kanskje for fleire av oss?
Ha det bra så lenge!
28 mai 2009
Under ein månad att!
Eg har tidlegare lagt ut lenker til ynskjelistene våre. Den siste, på Glass Thomsen, er no klar den også. Gå inn på glassthomsen.no, velg Brudeparets ønskeliste og så Innsyn ønskeliste. Då blir du beden om å skrive inn Id og Pinkode. Dei er som følgjer:
Id 6314
Pinkode 8221
Vi har også ei lita liste hos Kitch'n. Der kan du også bestille produkta via nettet, dersom du ikkje kjem deg i butikken :o) Gå inn på kitchn.no, velg overskrifta Bryllup. Her finn du ei side med fleire undertitlar. Nedst på sida står det Gjester og Finn liste. Så søker du på mitt eller Arnt-Inge sitt namn, og lista dukkar opp.
No er det nok ynskjeprat! Beklagar at det har blitt så mykje fokus på det, men folk spør oss stadig vekk! Og då kan det jo vere greit å få litt tips!
Ha ein god dag!
22 mai 2009
Det nærmar seg stadig!
Driv også og tenker på blomar, borddekorasjonar og slikt, og det er ikkje så lett! Skal snakke med "blomster-Tone" på onsdag, så då blir nok alt bra på den fronten også. Ellers så har vi det fint, men travelt begge to. Mykje å gjere på jobb, og mykje å drive med utanom jobb. Godt mai er prega av langhelger!
Elisabeth
06 mai 2009
Ynskjelistene er starta på
No har vi endeleg kome igang med ynskjelistene. Dei er ikkje heilt komplette enda, men det er mogleg å ta ein kikk, enten i butikk eller på nettet. For å kome inn på listene på nettet, treng du følgjande opplysningar:
Tilbords: gå inn på http://www.mittgavetips.no/ og skriv inn fornamn og etternamn på ein av oss. Trykk på namna våre som kjem opp. Du blir bede om å skrive eit gjestepassord, og det er emaais.
Christiania Glasmagasin: gå inn på http://www.bryllupslisten.no/ og velg knappen "Gjester". Også her blir du bede om å skrive inn gjestepassord, og det er steffensen.
Vi har også ei liste på gang hos Glass Thomsen, men den er så langt kun tilgjengeleg i butikken.
Neste oppdatering på bryllupsbloggen vår vil vere ein presentasjon av forlovarane våre. Ein flott trio som vi er veldig glade i og stolte over at vil vere våre hjelparar og vitner på den store dagen i juni. Som forresten berre er 52 dagar unna...