22 april 2009
Ynskjer frå brudeparet...
Det har blitt tradisjon at brudeparet legg ut diverse ynskjelister i butikkar både på nett og lokalt i butikken. Sjølv om min tilkommande ikkje heilt likar å drive med slikt ("Det er liksom ikke så interessant...") så har vi planar om å snekre slike lister istand. I helga skal vi ut for å finne ut kva vi ynskjer oss. Det vil kome link til listene her på sida vår, og så kan du sjølvsagt finne den i butikken. Meir info kjem altså!