15 juni 2009

12.dagar...

Om 12 dagar gifter vi oss! Tenk det! Det gjekk nok enda meir opp for meg i dag at det skal skje store endrigar i livet mitt om ikkje lenge. Eg pakka ned mesteparten av tinga mine på jobb (ein STOR jobb, sjølv om eg berre har jobba der i tre år...). Og eg rakk akkurat innom Diin brudesalong, eigentleg for å kjøpe sko, men så var kjolen kome i dag, så då fekk eg prøvd den og. Heilt fantastisk! Og veldig merkelig. Tenk at eg skal gå med den "på ordentleg" om berre 12 dagar! Merkar at eg gler meg meir og meir...

Har ikkje så mykje anna å seie i dag. Men livet er framleis bra, og eg har det heilt flott! Kun fire dagar til sommarferie!

Elisabeth

11 juni 2009

16 dagar att!

No om dagen føles det som om tida går veldig fort! Det er så mykje eg skal gjere og rekke, så eg skulle ynskje eg kunne få eit par ekstra timar kvar dag å gjere dei på (evt å sove på...er søvn eg kjenner at eg manglar mest!). Men midt i alt dette, klarar eg heldigvis å ta meg tid til å nyte det at eg snart er fru Steffensen! Og at det snart sommarfeire! Og at det snart er tid for den store dagen til meg og min kjære!

Så har eg lært av vise folk at ein ikkje skal leve for det som skal skje, men også for det som skjer! Leve i nuet, liksom. Så då kan eg jo nemne at eg er veldig glad for at eg akkurat har hatt besøk av mi kjære syster og forlovar. Ho lyste opp dagen min, som var litt mørk pga så altfor mykje å gjere på jobb. Eg kan også tenke på dei flotte 8-, 9- og 10-åringane eg møter på jobb kvar dag. Dei gir så mykje! Takk for flotte kollegaer som tar i eit tak ilag, og ikkje gir seg før alle er i hamn med den skriftlege vurderinga. Og ikkje minst: takk for den fantastisk flotte mannen som har lova meg at han vil dele livet sitt med meg, og som skal love det for heile verda laurdag den 27. juni.

Konklusjonen min i dag blir denne; Livet er veldig bra, sjølv om det er litt i overkant hektisk av og til. Og slik er det kanskje for fleire av oss?

Ha det bra så lenge!