Dagane går så fort, samtidig som det ikkje går heilt fort nok. Gler meg veldig til å starte mitt "nye liv" på Ørje ilag med Arnt-Inge. Dei siste dagane har eg imidlertid vore sjuk, og det er ikkje noko særlig. Heldigvis er eg på betringens veg no. Prøver meg på jobb att i morgon.
Som mi kjære tante Nina kunne informere om i går; no er det ein månad til eg skiftar status frå frøken til fru. Spennande! Her er eit bilete til av det lukkelege paret :o) Kjekk mann eg skal gifte meg med!
Eg har tidlegare lagt ut lenker til ynskjelistene våre. Den siste, på Glass Thomsen, er no klar den også. Gå inn på glassthomsen.no, velg Brudeparets ønskeliste og så Innsyn ønskeliste. Då blir du beden om å skrive inn Id og Pinkode. Dei er som følgjer:
Id 6314
Pinkode 8221
Vi har også ei lita liste hos Kitch'n. Der kan du også bestille produkta via nettet, dersom du ikkje kjem deg i butikken :o) Gå inn på kitchn.no, velg overskrifta Bryllup. Her finn du ei side med fleire undertitlar. Nedst på sida står det Gjester og Finn liste. Så søker du på mitt eller Arnt-Inge sitt namn, og lista dukkar opp.
No er det nok ynskjeprat! Beklagar at det har blitt så mykje fokus på det, men folk spør oss stadig vekk! Og då kan det jo vere greit å få litt tips!
Ha ein god dag!