22 mai 2009

Det nærmar seg stadig!

No er det ikkje lenge att! Vi gler oss veldig, og ser at det er ein del vi må få i hamn før den store dagen. Heldigvis har vi gode hjelparar som bidrar til at det blir litt mindre å tenke på og å gjere for oss to. Denne helga har vi planar om å lage bordkorta ferdig, sjå på kyrkjeprogram og "festprogram" (har du innslag du vil kome med under middag/kaffi? Kontakt Sebastian (eldste son til Arnt-Inge, Oddvar (svoger) eller Reidar (ven som har ansvar under kaffien) Nummer/mailadresser skal vi sjå om ikkje vi får lagt ut her). I tillegg har vi gjort ein del ute i hagen i Moveien, slik at det ser nokonlunde fint ut også ute her, dersom nokon vil ta ein kikk på her vi bur/skal bu.

Driv også og tenker på blomar, borddekorasjonar og slikt, og det er ikkje så lett! Skal snakke med "blomster-Tone" på onsdag, så då blir nok alt bra på den fronten også. Ellers så har vi det fint, men travelt begge to. Mykje å gjere på jobb, og mykje å drive med utanom jobb. Godt mai er prega av langhelger!

Elisabeth