22 april 2009
Ynskjer frå brudeparet...
Det har blitt tradisjon at brudeparet legg ut diverse ynskjelister i butikkar både på nett og lokalt i butikken. Sjølv om min tilkommande ikkje heilt likar å drive med slikt ("Det er liksom ikke så interessant...") så har vi planar om å snekre slike lister istand. I helga skal vi ut for å finne ut kva vi ynskjer oss. Det vil kome link til listene her på sida vår, og så kan du sjølvsagt finne den i butikken. Meir info kjem altså!
15 april 2009
Så var det heile igang!
Hei du som les bryllaupsbloggen vår. Kjekt at nettopp du stakk innom. Kanskje er du ein av dei som dei siste dagane har mottatt invitasjon til bryllaupet vårt 27.juni?

På denne bloggen vil vi begge (trur eg...) skrive litt om det som skjer no framover. Og også oppdatere på diverse som handlar om bryllaupet (ynskjelister, praktisk info, planar vidare, bilete etc). Håpar at det er fleire som vil lese og kommentere litt etterkvart.
Vi to som skal gifte oss, gler oss i alle fall veldig! Tenk at vi snart er mann og kone! Herr og fru Steffensen :o) Fantastisk!
Abonner på:
Innlegg (Atom)