Kan jo skulde på at det er grunnen til inga oppdatering på over tre månader! Og ja, me har det bra. Utruleg godt å vere gift! Har hatt ein travel sommar, og om mogleg ein enda travlare haust. Men me har det godt i lag, og gler oss over at me får dele alle dagane saman. Takkekorta er på veg, gjenstår "berre" litt skriving. Men dei kjem ut før jul, det har me lova både oss sjølve og andre. Har jo eit par månader på oss, så det bør gå bra.
Både jobb og privat går det fint, og me gler oss til ein Vestlandstur i slutten av november. Jula blir feira her aust, så då måtte eg ein tur "heim" før den tid. Merkar det er litt rart å vere så vaksen at eg ikkje skal feire i lag med mine næraste på Leknes. Samtidig er det veldig kjekt å tenke på at eg skal feire ilag med mannen

min og familien vår her aust. Så kjem me jo sjølvsagt på ein romjulstur til Leknes. Har så smått byrja å tenke på julegåver, og det kan jo vere greitt med tanke på at dei kanskje bør vere i boks til den tid? Her ser de eit flott bilete av dei næraste der vest. Herlig gjeng!
Ha ein fortsatt god haust!
Oppdatering for lenge sia, jo! Hadde nesten gitt opp, eg ;) No nærme jo Vestlandsturen seg med stormskritt, de kan glede dekå!!
SvarSlettklem klem Cam
Og det var nok det siste innlegget i denne bloggen...
SvarSlett